SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Faglærar

Kontraktstype: Fast stilling

Stillingsprosent: 100%

Sted: Sogndal

Arbeidsgiver: SF fylkeskommune

Ref.kode: 3345068

Søknadsfrist: 20-10-2016

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg SF fylkeskommune på:

Facebook
Twitter

Faglærar innan Bygg- og anleggsteknikk

Sogndal vidaregåande skule er den største skulen i fylket med ca 820 elevar og 170 tilsette. Skulen har for tida 44 klassar, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, medium og kommunikasjon, idrettsfag, helse- og oppvekst, restaurant- og matfag, studiespesialisering og service og samferdsel. Skulen har vaksenopplæring, kursverksemd og landslinje for yrkessjåførar.

Skulen held til i nye moderne lokale på Fosshaugane Campus. Skulen legg vekt på å skapa gode læringsmiljø og arbeidsvilkår for elevar og tilsette med fokus på kvalitet, trivsel, kunnskap, meistring og utvikling.

Om stillingen:

100 % fast stilling som faglærar innan Bygg- og anleggsteknikk
Utdanningsprogrammet for Bygg og -anleggsteknikk ved Sogndal vgs består av fem Vg1 -klassar, ein Vg2 -klasse Anleggsteknikk og ein Vg2 -klasse Byggteknikk for skuleåret 2016-2017.

Undervisning kan bli lagt til både Vg1 og Vg2 nivå. Det er ønskjeleg med kompetanse innan tømrarfag, betongfag, eller anleggsfag. Den som blir tilsett må ha relevant fagbrev, samt teoretisk utdanning på fagskule eller høgskulenivå. Søkjar utan praktisk pedagogisk utdanning kan tilsetjast på vilkår.

For stillinga gjeld:
Løn etter avtale
Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter dekka etter gjeldande reglar
Pensjons- og forsikringsordningar
6 månaders prøvetid
Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju. Utlysinga kan bli trekt ved eventuelt overtal i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på denne sida (Søk på jobben – og vel rett stilling i det elektroniske skjemaet).

Meir informasjon om skulen finn du på www.sogndal.vgs.no.

Søknadsfrist for stillinga: 20. oktober 2016

Nærmare opplysningar får du hjå

Kontaktperson:

Avdelingsleiar YF Henry Arne Helle, tlf: +47 57 67 64 09, mobil: +47 908 49 591, e-post: Klikk her

Kontaktperson:

Rektor Marta Sofie Vange, tlf: +47 57 67 64 01, mobil: +47 957 21 392, e-post: Klikk her
footerlogo
© 2014 Jobbportalen All rights reserved.

www.jobbportalen.no

mail to jobbportalen.noFacebookGoogle PlusTwitter

Vi ser fram til å høre fra deg

© 2015 Jobbportalen. All rights reserved.

jobbportalen.no