SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Fagingeniør

Kontraktstype: Fast stilling

Stillingsprosent: 100%

Sted: Bardufoss

Arbeidsgiver: Forsvarsbygg

Ref.kode: 3311662905

Søknadsfrist: 05-03-2017

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg Forsvarsbygg på:

Facebook
LinkedIn
Twitter

Fagingeniør VVS - Forsvarsbygg utleie

Ved Marknadsområde nord er det ledig fast stilling som Fagingeniør VVS. Arbeidsstad kan vere Bardufoss, Høybuktmoen, Porsangmoen eller Setermoen. Ved oppmøtestad Porsangmoen/Høybuktmoen må det påreknast regelmessig tilstedeværing i Midt-Troms, der hovedvekta av aktiviteten foregår. Stillinga rapporterer til Leiar Fagingeniørar.

Stillingas hovedoppgavar vil vera planlegging, koordinering, prosjektering/beskrivningar, iverksetjing og oppfølging av små og mellomstore tiltak, ivaretaking av myndighetskrav og kontaktledd opp mot leverandørar.

Fag og prosjekt har ansvaret for eit lønsamt utleigeresultat i marknadsområdet, under dette ivaretaking av eigarrelaterte husleigepliktar og forvaltningsoppgåver. Plantenesta har ansvar for verdibevarande prosessar, gjennomføring av avdelinga sin vedlikehaldsplan og ivaretaking av utleigar sine krav og interesser ism. investeringsprosjekt i regi av FB Utvikling.

Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet til tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.
Les meir om Forsvarsbygg på nettsida vår, www.forsvarsbygg.no og karrieresida vår www.forsvarsbygg.no/karriere.

Arbeidsoppgaver:

Ansvarleg for internkontroll i marknadsområdet innanfor fagområdet. Kvalitetssikre at VVS-installasjonar følgjer avtalte normer og forskrifter
Marknadsområdet sin kontaktperson mot sentralt ledd innan faget
Planleggje, leie og organisere vedlikehald av bygningstekniske anlegg iht. gjeldande lover og forskrifter
Ansvarleg for at plan- og bygningsetaten sitt regelverk overhaldast i marknadsområdet mot. VVS, under dette syte for at søknadspliktige prosjekt behandlast korrekt

Hovudoppgåver:
Sjå til at internkontroll innan fagområdet utøvast iht. overordna HMS-system
Utarbeide skildringar og underlag for korrekt bestilling
Ivareta overordna krav, direktiv samt offentlege lover og forskrifter til fagfeltet, under dette også bidra til ei tilfredsstillande miljøsatsing for faget
Delta i, og vere fagleg bidragsytar i fagfora og fagsamlingar
Yte fagleg rådgjeving innanfor eige fagområde
Leie vedlikehaldsoppdrag og utviklingsprosjekt, under dette dokumentansvar iht. budsjett og vedlikehaldsplan
Gjennomføre tilstandsvurderingar innan eige fagområde iht. fastsett plan
Sjå til at økonomiske målsetjingar blir haldne og at alle oppdrag er iht. vedtekne HMS/IK- og samordningsansvar
Hjelpe i investeringsprosjekt og ved LCC-utrekning av husleige
Koordinere utføringar med Driftsavdeling
Hjelpe og samarbeide med prosjektleiarar innan fagområdet
Generell saksbehandling
Andre oppgåver kan påleggast etter tilvising frå leiar

Kvalifikasjonar:
Relevant ingeniørutdanning frå universitet-/høgskolenivå (bachelor/master)
Gode datakunnskapar innan prosjektstyring og prosjektleiing
Ønskeleg med erfaring frå drift, vedlikehald og prosjektleiing innan EBA
VVS-erfaring
Relevant erfaring frå arbeidsområdet
Må kunne meistre norsk munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELEG

Utdanningsretning:
Bygg og anlegg

Utdanningsnivå:
Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Kundeorientert, evne til å etablere gode kunderelasjonar
Strukturert
Initiativ og ansvarlegheit
Målbevisst og resultatorientert
God til å ta avgjerder
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli særleg vektlagd

Språk:
Norsk

Vi tilbyr:
Løn som Overingeniør, kode 1087, ltr. 53-70, iht. lønsregulativet i Staten
Ein hektisk og spanande jobb blant gode kollegaar
Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelseteneste
Andre opplysningar

Reiseaktivitet:
Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

For mer informasjon:

Kontaktperson:

Anne-Rita Hansen Leder fagingeniørene, tlf: +47 46 77 73 63
footerlogo
© 2014 Jobbportalen All rights reserved.

www.jobbportalen.no

mail to jobbportalen.noFacebookGoogle PlusTwitter

Vi ser fram til å høre fra deg

© 2015 Jobbportalen. All rights reserved.

jobbportalen.no