SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Mellombels stilling

Kontraktstype: Fast stilling

Stillingsprosent: 100%

Sted: Hafrsfjord

Arbeidsgiver: Forsvarsbygg

Ref.kode: 3128338504

Søknadsfrist: 14-08-2016

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg Forsvarsbygg på:

Facebook
LinkedIn
Twitter

Mellombels stilling bustad- og kvarterforvaltar (Stavanger) - Forsvarsbygg utleie

Stillinga er å vere Forsvarsbygg sitt ansikt utetter ovanfor gjestar og leigetakarar som bur i ein bustad eller kvarter (hybel). Som bustad- og kvarterforvaltar er du ansvarleg for å byggje opp gode relasjonar til gjestane og leigetakarane våre samt yte god service. Du er ansvarleg for å handtere og følgje opp alle førespurnader frå leigetakarar og gjestar, utleige av kvarter til gjestar som skal på kurs, øvingar eller liknande, samt ansvarleg for inngåing av leigekontraktar og oppfølging av leigetakarar i heile buperioden. Du skal også foreta ettersyn av bustad- og kvarterporteføljen, slik at kvaliteten på denne ikkje blir dårlegare. Vi søkjer etter ein bustad- og kvarterforvaltar mellombels ut 2017, med høve for forlenging. Du må rekne med å arbeide innan alle lokasjoner i marknadsområdet.

Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø som er prega av å vere tverrfagleg, ha mangfald og likestilling og søkjer difor ei balansert fordeling med omsyn på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven – jamfør særleg Offentlighetsloven § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgaver:

Koordinere og drifte resepsjonstenesta til bustad og kvarter, samt handtere og administrere korttidsovernatting på kvarter inkludert klargjering av rom, inn-/utsjekk av gjestar, koordinere, planleggje og ha oversikt over kvarterbehov iht. kursaktivitet og øving
Saksbehandle og gjere administrative oppgåver i samband med utleige og forvalting av bustader og kvarter, under dette inngåing, registrering og oppfølging av leigekontrakten med leigetakar i heile buperioden
Ansvarleg for rådgjeving, rettleiing, bistand, opplæring og oppfølging av leigetakar ved inn-/utflytting og i buperioden

Gjere synfaringar og føre ettersyn med bustad- og kvarterporteføljen, melde inn feil/manglar/ hærverk og skadar, vedlikehaldstiltak, samt behov for utskifting av møblar/ utstyr, samt følgje opp at dette blir gjort
Gjere oppgåver mot. økonomioppfølging, under dette lønstrekk, innbetalingar, fakturering og behandling av oppgjer/avstemming

Ansvarleg for korrekt bruk av ulike IKT-system, under dette bestillingsverktøy, feilmeldingssystem, leigemodul, kundeoppfølgingssystem osv.
Bidra i vidareutviklinga av ein landsdekkjande lik bustad- og kvarterteneste mot. produkt- og konseptutvikling, service og prosedyrar

Brannvernkontakt på bustad og kvarter inkludert opplæring i brannverninstruks for leigetakarar/gjestar og gjennomføring av øvingar på bustad og kvarter i samarbeid med andre avdelingar

Kontaktperson mot Forsvaret, burettslag, sameigar, offentlege etatar, Forsvarsbygg sitt servicesenter, og internt i marknadsområdet osv. i samband med bustadsaker
Det må også påreknast andre oppgåver som ligg innanfor avdelinga sine ansvarsområde

Kvalifikasjonar:
Hotellfagskole eller relevant utdanning på bachelornivå innan hotell/reiseliv/eigedom
Fagbrev som resepsjonist eller tilsvarande med lang relevant erfaring kan kome i betraktning
Erfaring frå tilsvarande stilling og/eller kundebehandling innan offentleg/privat sektor er ein fordel
Må ha god kompetanse med bruk av data som eit arbeidsverktøy
Må ha gode kunnskapar i VisBook eller tilsvarande system for hotellbooking
Gode norsk- og engelskkunnskapar
Førarkort klasse B
Må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg

Personlege eigenskapar:
Serviceinnstilt og god på å byggje relasjonar
Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Tek initiativ og ansvar
Strukturert og god til å følgje opp
Taklar ein hektisk arbeidskvardag

Vi tilbyr:
Løn som førstekonsulent (kode 1408) iht. lønsregulativet i Statens
Fleksibel arbeidstid
Faglege utfordringar og spanande arbeidsoppgåver
Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
Bedriftshelseteneste

Andre opplysningar:
Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

For mer informasjon:

Kontaktperson:

Bjørn Aage Bjørnstad Leiar bustad- og kvarter, tlf: (+47) 41511252
footerlogo
© 2014 Jobbportalen All rights reserved.

www.jobbportalen.no

mail to jobbportalen.noFacebookGoogle PlusTwitter

Vi ser fram til å høre fra deg

© 2015 Jobbportalen. All rights reserved.

jobbportalen.no