SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Rådgjevar/førstekonsulent

Kontraktstype: Fast stilling

Stillingsprosent: 100%

Sted: Førde eller Leikanger

Arbeidsgiver: SF fylkeskommune

Ref.kode: A-sak nr 16/3704

Søknadsfrist: 14-08-2016

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg SF fylkeskommune på:

Facebook
Twitter

Rådgjevar/førstekonsulent - kontraktsoppfølging

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Vi kan tilby:

Samferdsleavdelinga har ledig stilling som rådgjevar/førstekonsulent innan kontraktsoppfølging der du vil få ansvar for å fylgje opp kontraktar innan kollektivtrafikk.

Samferdsleavdelinga kjøper inn buss, drosje, båt og ferjetenester for om lag 700 millionar kroner pr. år. Samla inntekter i desse kontraktane er på om lag 200 millionar kroner.

Vi har behov for ein person som mellom anna skal følgje opp desse og ein del mindre kontraktar.

Kort om arbeidsoppgåvene:
Kontraktsoppfølging
Koordinering av kontraktsoppfølginga internt på samferdsleavdelinga med omsyn til mellom anna
Konkurransegrunnlag/kravspesifikasjon
Ruteplanlegging/produksjon
Endringar/avvik
Budsjett og økonomioppfølging
Skuleskyss
Billettering
Vedlikehald og vidareutvikling av system for oppfølging

Vi krev:
Høgare utdanning på minimum bachelornivå innanfor økonomi, juss, logistikk eller liknande. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
Minimum 2 år relevant arbeidserfaring

Vi vektlegg:
Sjølvstende og initiativ: vera pådrivar
Evne til å arbeide analytisk og systematisk
God norsk framstillingsevne både skriftleg og munnleg
Evne til samarbeid med andre

Vi kan tilby deg:
Løn etter avtale og fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Fleksibel arbeidstid
Spanande arbeidssituasjon og eit breitt fagleg fellesskap
Arbeidsstad: Førde eller Leikanger

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn under ledige stillingar på www.sfj.no

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand.

Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Merk søknaden med A-sak nr 16/3704 Søknadsfrist: 14. august 2016.

Nærmare opplysningar får du hjå

Kontaktperson:

ass. fylkesdirektør for samferdsle Øystein Hunvik, tlf: +47 477 00 466
footerlogo
© 2014 Jobbportalen All rights reserved.

www.jobbportalen.no

mail to jobbportalen.noFacebookGoogle PlusTwitter

Vi ser fram til å høre fra deg

© 2015 Jobbportalen. All rights reserved.

jobbportalen.no