Tittel: Avtaleansvarleg
Kontraktstype: Fast stilling
Stillingsprosent: 100%
Sted: Bergen
Arbeidsgiver: Forsvarsbygg
Ref.kode: 3267241013
Søknadsfrist: 02-01-2017
Forsvarsbygg utleie omfattar seks marknadsområde fordelt over heile landet. Inngåing- og oppfylgning av leigekontrakter med i hovudsak militære leigetakarar, noko som òg omfattar ivaretaking av drift-, vedlikehald og utviklingsoppgåver, er viktige fokusområde.
Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø som er prega av å vere tverrfagleg, ha mangfald og likestilling, og vi søkjer difor ei balansert fordeling med omsyn på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom både sin personlege og faglege kompetanse. Vi er stolte over at Forsvarsbygg er ei IA-bedrift.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.
Vi har som fylgje av omorganisering ledig ei nyoppretta stilling som "avtaleansvarleg forsyning" i marknadsområde vest på Haakonsvern.
Sikre inngåing og forvaltning av forsyningsrelaterte avtalar og tilhøyrande inntekter innanfor eige marknadsområde
Ha resultatansvar for alle leveransar tilknytta lokale forsyningsavtalar
Rapportere lokale resultat for forsyningsavtalar
Stå ansvarleg for sivile avtalar og tilleggsavtalar
Framleggje grunnlag til prognose (korrekt kontering og nøkkeltalsfordeling)
Vere ansvarleg for fakturahandtering samt identifisering og oppfylgjing av energiforbruk
Kvalifikasjonar:
Relevant høgskule- eller universitetsutdanning innan økonomi, jus, eigedomsforvaltning, bygg og anlegg
Erfaring frå tilsvarande stilling innan offentleg/privat sektor
God økonomi- og avtaleforståing
Den som vert tilsett må kunne tryggleiksklarerast som hemmeleg
Personlege eigenskapar:
God på kommunikasjon og samarbeid
Du jobbar strukturert og sjølvstendig
Tek lett initiativ og ansvar
Er mål- og resultatorientert
Språk:
Norsk
Vi tilbyr:
Ein spennande og hektisk jobb i lag med gode kollegaer
Løn som seniorrådgjevar (1364) i ht Statens lønsregulativ, løn frå kr 563.500 - 655.300 pr år avhengig av utdanning og erfaring
Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
Medlemsskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
Bedriftshelseteneste
Andre opplysningar:Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
For mer informasjon:
jobbportalen.no