Tittel: E-pedagog
Kontraktstype: Vikariat
Stillingsprosent: 70%
Sted: Førde
Arbeidsgiver: SF fylkeskommune
Søknadsfrist: 19-11-2016
Midt i Sogn og Fjordane i Førde kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, ein skulestad for naturbrukutdanning på Mo og ein skulestad for yrkesfag på Øyrane i Førde sentrum. Totalt har skulen om lag 185 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Service og samferdsle, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk og industriell produksjon og Naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved ulike sosiale og medisinske institusjonar i Førde og ansvar for Oppfølgingstenesta i Indre Sunnfjord.
Det er ledig prosjektstilling som E-pedagog frå 01.01.2017 til 31.07.2018 i 70 % stilling.
Digitale dugleikar skal integrerast i alle fag, og elevane skal utvikle kompetanse i å tileigne seg, handsame, produsere og foredle fagstoff digitalt.
E-pedagogen skal vere pådrivar for og har ansvar for at elevar og tilsette utviklar digital kompetanse til bruk i alle fag og som verktøy i undervisninga.
Vi ynskjer ein person som:
Er utviklingsorientert og har gjennomføringsevne
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Har evne til å sjå heilskaplege løysingar
Kan jobbe i team men også sjølvstendig
Søkjarar må ha relevant fagleg- og pedagogisk kompetanse på høgare nivå. Gode IT- ferdigheiter og oppdatert på den digitale utviklinga.
Skulen vektlegg likestilling, likeverd og mangfald.
For stillinga gjeld:
Løn etter tariff.
Vanlige fylkeskommunale tilsettingsvilkår.
Hjelp til å skaffe bustad.
Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar.
Pensjons- og forsikringsordningar.
6 md. prøvetid.
Krav om politiattest
Atterhald om overtallig i Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Søknadsfrist 19.11.2016.
Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju.
Nærmare opplysningar får du hjå
jobbportalen.no