Tittel: Fagingeniør
Kontraktstype: Fast stilling
Stillingsprosent: 100%
Sted: Bergen
Arbeidsgiver: Forsvarsbygg
Ref.kode: 3263816666
Søknadsfrist: 04-12-2016
Forsvarsbygg utleie består av seks marknadsområde fordelt over heile landet. Oppgåvene er mange, og vi ønskjer ein dyktig ingeniør innan elektro, som trivast med nye utfordringar saman med andre ingeniørar.
Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø som er prega av å vere tverrfagleg, ha mangfald og likestilling, og vi søkjer difor ei balansert fordeling med omsyn på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom både sin personlege og faglege kompetanse. Forsvarsbygg er ei IA-bedrift.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.
Ressursperson for drift og vedlikehald av elektriske installasjonar iht lovverket
Bistå fagleg ansvarleg elektro (elektroinstallatør) innan m.a el-sikkerheitsarbeid
Foreta fagleg oppfølging av elektroteknisk arbeid utført av eksterne firma
Planleggje elektroarbeid i samband med vedlikehaldsoppdrag
Fremme innspel til vedlikehalds- og investeringsplaner samt forvaltning innanfor fagområdet elektro/automasjon
Sjå til at økonomiske målsetjingar vert nådd og at alle oppdrag er iht vedtatte HMS/IK
Generell saksbehandling
Kvalifikasjonar:
Elektroteknisk utdanning på høgskulenivå
Førarkort kl B
Det er ønskjeleg med installatørpapirer og fagbrev innan elektrofag, samt erfaring frå drift, vedlikehald og prosjektleiing innan EBA
Må kunne tryggingsklarerast for "hemmeleg"
Personlege eigenskapar
Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
Resultat- og løysningsorientert
Omgjengelig og god på samarbeid
Språk:
Norsk
Vi tilbyr:
Ein spennande og hektisk jobb i lag med gode kollegaer
Løn som overingeniør (kode 1087) I ht Statens lønsregulativ
Fleksibel arbeidstid
Medlemsskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
Bedriftshelseteneste
Bruk av militært treningsanlegg på fritida
Andre opplysningar:
Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
For mer informasjon:
jobbportalen.no