Tittel: Økonomimedarbeidar
Kontraktstype: Fast stilling
Stillingsprosent: 100%
Sted: Elverum
Arbeidsgiver: Forsvarsbygg
Ref.kode: 3278628899
Søknadsfrist: 08-01-2017
Til nyoppretta stilling søkjer vi no etter økonomimedarbeidar til Terningmoen, marknadsområde Østlandet.
Marknadsområdet er lokalt ansvarleg for utleige- og driftsresultatet innanfor tildelte eigedomar/geografi, med fokus på å yte behovsretta service overfor lokale leigetakarar og bebuarar. Marknadsområda forvaltar, planlegg og utfører utleige- og eigedomstenester etter avtale og i samarbeid med dei landsdekkjande tenesteansvarlege.
Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø som er prega av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt, og søkjer difor ei balansert fordeling med omsyn på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.
Forsvarsbygg er underlagd vilkåra i Offentlighetslova – jfr. spesielt Offentlighetslovas § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb
Hjelpe økonomileiaren til marknadsområdet til effektiv økonomistyring, rekneskap og rapportering
Proaktivt hente inn grunndata, følgje opp og hjelpe linjeleiarar i samband med økonomirapportering
Påsjå forsvarleg forvaltning gjennom risiko- og internkontroll
Sikre etterfølging av intern økonomimodell og fullmaktsmatrise
Følgje opp materiellrekneskap, kunde- og leverandørfaktura
Andre oppgåver i staben
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning frå universitet eller høgskole
Arbeidserfaring innan økonomi og administrasjon
Kjennskap til økonomisystem, primært Agresso
God innsikt i bruk av Microsoft Office, primært Excel
Utdanningsretning:
Økonomi
Utdanningsnivå:
Høgskule/Universitet
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og initiativrik
Analytisk, strukturert og påliteleg
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Evne til å imøtekome fristar, og takle arbeid under press
Tek ansvar og god til å følgje opp
Serviceinnstilt og god på å byggje relasjonar
Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
Taklar ein hektisk arbeidskvardag
Språk:
Norsk
Vi tilbyr:
Løn som seniorkonsulent, kode 1363- ltr. 55-63, iht. lønsregulativet i Staten
Fleksibel arbeidstid
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Bedriftshelseteneste
For mer informasjon:
jobbportalen.no