Tittel: Rådgjevar/førstekonsulent
Kontraktstype: Engasjement
Stillingsprosent: 100%
Arbeidsgiver: SF fylkeskommune
Ref.kode: 16/5599
Søknadsfrist: 14-08-2016
Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.
Vil du jobbe med opplæringstilbod for fleirkulturell ungdom?
Vi treng deg som kan sjå nye løysingar og vidareutvikle våre tilbod!
Det er ledig ei 2-årig stilling som:
Rådgjevar/førstekonsulent
Arbeidsoppgåvene vil vere:
Vidareutvikle skulane sin kompetanse i migrasjonspedagogikk og fleirkulturell forståing
Vere fagleg oppdatert og gjere vurderingar i spørsmål om utvikling av tilbod til innvandrarar og asylsøkjarar
Kartlegge behov og ha dialog med kommunane om informasjon til brukarane
Etablere dialog med UDI, IMDI, m.fl. og vurdere søknader om prosjektmidlar
Evaluere og vidareutvikle tilbod som er etablert i samarbeid med kommunane
Vurdere og utvikle fylkeskommunen sine rutinar og system knytt til desse tilboda
Koordinere samarbeidet med andre om nye tilbod og oppfølging av desse
Krav til søkjar:
Bachelorgrad innanfor samfunnsvitskaplege/humanistiske/juridiske fag el. andre relevante fag
Kjennskap til utdanningssystemet og særleg vidaregåande opplæring
Førarkort klasse B
Vi vektlegg:
Kjennskap til og erfaring frå offentleg forvaltning
Nytenkande – evne og vilje til å sjå nye løysingar
Det er ønskeleg med mastergrad innanfor samfunnsvitskaplege/humanistiske/juridiske fag el. andre relevante fag
Erfaring frå arbeid med minoritetsspråklege/flyktningar
Resultat- og løysingsorientert
Stor arbeidskapasitet
Relasjonskompetanse, at du trivast med teamarbeid og har god evne til å jobbe sjølvstendig
Saks- og forvaltningskompetanse
Gode it-kunnskapar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
God rådgjeving- og rettleiingskompetanse
Vi kan tilby:
Inkluderande og fleksibelt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Arbeid i eit utviklande ikt-miljø med utfordrande arbeidsoppgåver
Gode vilkår for kompetanseutvikling
Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Hjelp til å skaffe høveleg bustad. Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
Arbeidsstad:
Leikanger
Vanlege tilsetjingsvilkår med 6 mnd. prøvetid.
På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn under ledige stillingar på www.sfj.no
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.
Nærmare opplysningar får du hjå
jobbportalen.no