SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Bedriftslege

Kontraktstype: Fast

Stillingsprosent: 100%

Sted: Førde

Arbeidsgiver: Stamina Helse

Søknadsfrist: 15-10-2018

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg Stamina group på:

Facebook
LinkedIn

Lege/Bedriftslege

Stamina Helse er Noreg si største bedriftshelseteneste, med over 50 kontor rundt om i landet. Gjennom arbeid med systematisk HMS, arbeidsmiljø og helse arbeider våre 550 tilsette kvar dag for friske folk i sunne, trygge og produktive arbeidsmiljø.

Stamina Helse avdeling Sogn og Fjordane søkjer lege/ bedriftslege i 100% stilling.

Avdelinga vår består av eit engasjert og tverrfagleg team med 16 dyktige medarbeidarar, lokalisert i Førde og Sogndal. Du vil vere med på å vidareutvikle våre tenester, slik at vi kan møte morgondagen sine utfordringar og bidra til betre folkehelse.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

Risikobaserte, målretta helsekontrollar
Arbeidsmedisinsk poliklinikk for tilsette med arbeidsrelaterte helseplager
Utarbeiding og kvalitetssikring av rapportar
Bistå kundar og kollegaer med helsefagleg rådgjeving
Helsesertifisering (offshore/sjøfart/førarkort/røykdykkar m.m.)
Rådgjeving og oppfølging av sjukefråvær
Oppgåver innan systematisk HMS, bl.a. befaring ute i verksemder
Kurs/undervising for kundar innan relevante tema

bKrav til utdanning og erfaring:
Du må ha autorisasjon som lege i Noreg
Ønskjeleg at du er spesialist i arbeidsmedisin (ferdig spesialist eller i pågåande utdanningsløp). For den rette kandidaten vil vi tilrettelegge for spesialisering
Ønskjeleg med erfaring frå bedriftshelseteneste
Ønskjeleg at du har godkjenning som petroleums- og sjømannslege. For den rette kandidaten vil vi tilrettelegge for kurs.

Vi ser etter deg som:
Er engasjert i arbeidsmedisin og ønskjer å fremje det arbeidsmedisinske faget
Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Trivast med å jobbe tverrfagleg / i team
Har evne til å planlegge og å jobbe sjølvstendig og systematisk
Trivast med å undervise
Er serviceinnstilt og oppteken av å bistå kundane våre med gode faglege leveransar

Vi tilbyr:
Ei spennande stilling i Stamina Helse
Stort fagmiljø og samarbeid om arbeidsmedisin nasjonalt
Eit tverrfagleg miljø innan arbeidshelse, psykososialt arbeidsmiljø, sjukefråvær, ergonomi, systematisk HMS, livsstil og rus/avhengigheit
Gode moglegheiter for påverknad og personleg utvikling
Eit unikt og humørfylt arbeidsmiljø
Gode pensjonsordningar
Løn etter avtale
Søkjar må pårekne noko reise i arbeidet. Stillinga krev at søkjar har førarkort og kan stille bil til disposisjon. Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg.

Vil du vere med å arbeide mot vår visjon "fleire friske folk"?

Stamina Helse Sogn og Fjordane

Stamina Helse er ei offentleg godkjent og landsdekkjande bedriftshelseteneste. I Sogn og Fjordane har vi kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Luster, Florø og Leirvik.

Stamina har ei stor kundemasse i Sogn og Fjordane, store og små verksemder innfor alle bransjar. Sogn og Fjordane fylkeskommune og 17 andre kommunar har mellom anna valt Stamina som leverandør av bedriftshelseteneste. Med vår kompetanse og fagleg breidde, vil vi vere ein samarbeidspartner for våre kundar. Vi gir råd og rettleiar innan heile helse-, miljø- og sikkerheitsområdet (HMS). Stamina leverer kurs og tenester innan livsstil, arbeidsmiljø, systematisk HMS-arbeid og førebygging av sjukefråvær. Med fokus på sterkt lokalt samarbeid og nærvær tilbyr vi bedriftshelseteneste som gjev auka verdi for kundane våre kvar dag.

© 2025 Jobbportalen. All rights reserved.

jobbportalen.no