SkanPers kommunikation
headerlogo
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Fastlegeheimel

Kontraktstype: Fast

Stillingsprosent: 100%

Sted: Surnadal

Arbeidsgiver: Surnadal kommune

Ref.kode: 102

Søknadsfrist: 01-08-2018

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg Surnadal kommune på:

Facebook

Fastlegeheimel

Surnadal kommune har ledig fastlegeheimel. Til heimelen kan det påreknast offentlege oppgåver i medhald av regelverket. Heimelen kan også vere ei 100% fastløna stilling dersom det er ønskeleg.

Kommunen har til saman seks fastlegeheimlar og ein turnuslege lokalisert ved Surnadal legesenter. Legesenteret blir drive som eit DA og har fine og funksjonelle lokale i sentrum og har tilknytta kompetent hjelpepersonell.

Arbeidsoppgåver:

Surnadal kommune deltek i interkommunal legevaktordning lokalisert ved St.Olavs hospital, Orkdal sjukehus, der ein må pårekne 1-2 vakter i månaden og daglegvakt 1 dag per veke.

Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett frå Helfo, minimum fullført turnusteneste/LIS1.Den nye forskrifta om kompetansekrav set krav til at lege som blir tilsett i den kommunale helse- og omsorgstenesta etter 1.mars 2017 er godkjent allmennlege, spesialist i allmennmedisin eller blir tilsett som lege i spesialiering.

Tilsettingsvilkår:
Tildeling av fastlegeheimlar skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov- og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter Forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen.

Det blir kravd norsk autorisasjon og politiattest av den tilsette.

Vi tilbyr:
Gode arbeidsforhold med fine lokale og trivelege arbeidskollegaer, flyttegodtgjering i hht kommunen sin personalplan.
Vi kan hjelpe med å skaffe bustad.

Søknad skal sendast:
Alle søknader blir i første omgang vurdert ut frå det som blir lagt inn i det elektroniske søknadsskjemaet.
Det er ikkje mogleg å laste opp vedlegg til søknaden.

For næremere opplysninger:

Kontaktperson:

Birgitte Sæther Moen Lege, tlf: +47 71657800, mobil: +47 90126507, e-post: Klikk her

Kontaktperson:

Gunhild Eidsli Ass.rådmann/kommunalsjef, tlf: +47 97174856, e-post: Klikk her

Kontaktperson:

Marit Nordvik Betten Konst. einingsleiar, tlf: +47 90148725, e-post: Klikk her

Surnadal kommune

ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv.Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.

Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,triveleg kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 675 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre.

Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene.Det er difor viktig at du er fleksibel, tek ansvar, viser initiativ og kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø.

footerlogo
© 2014 Jobbportalen All rights reserved.

www.jobbportalen.no

mail to jobbportalen.noFacebookGoogle PlusTwitter

Vi ser fram til å høre fra deg

© 2015 Jobbportalen. All rights reserved.

jobbportalen.no